Bandsintown FistBandsintown Text
Search for artists and concerts
Search for artists
Hamburger Menu Icon
Darling West

Darling West

Mar 10th 2018 @ Gymmen Scene og Studio

Nordfjordeid, Norway
I Was There
Mar
10
Gymmen Americanafestival 2018
Saturday, March 10th, 2018
7:00 PM
Gymmen Scene og Studio
Nordfjordeid, Norway
10. mars er det klart for den aller fyrste Americanafestival i Gymmen! Denne kvelden vil du kunne høyre fengande musikk med element frå folk, country, bluegrass og blues. På scena står artistar med både lokal og nasjonal forankring. Mellom anna kan ein oppleve elevar frå kulturskulen i Eid, ulike soloinnslag og lokale band som vil formidle musikk med røter i den amerikanske folkemusikken. Til å headline kvelden har vi fått med oss fantastiske Darling West. Dette er eit av dei leiande country- og americanabanda i Noreg, som også er plateaktuelle med den fantastisk nye plata "While I Was Asleep". Gruppa vann Spellemann for albumet Vinyl and a Heartache i 2016, spelte på Øyafestivalen i fjor og legg no staselig nok turen innom Gymmen på sin Norgesturne. Americanafestivalen i Gymmen vil passe for både musikkinteresserte og nysgjerrige publikummarar som vil oppleve kvalitetsmusikk ei triveleg atmosfære i nykoselege Gymmen. Program 19:00 Dørene opnar 19:20 Naustdals 19:40 Peter Z Deltabluesband 20:00 Silvia og Oddbjørn 20:20 Oen m/Band 20:40 Kulturskulen i Eid 21:00 Misery & Company 21:30 Jackbow 22:00 Darling West