Bandsintown Logo
Oct
28
Karl Seglem Jazz&Poesi
Saturday, October 28th, 2017
5:30 PM
1 RSVP
Etter at poesitoget har stogga ved stasjonen får du servert ein jazz&poesikonsert inne på Vatnahalsen. Med: Tenorsaxofonisten, komponisten, poeten Karl  Seglem er omtalt som "ein av dei finaste stemmene i nordisk jazz". Gjennom sin rikholdige produksjon (nærare 40 album) har han utviklet et sterkt personlig uttrykk der urmusikk, poetisk jazz og norsk folkemusikk møtes. Seglem har publisert 2 poesisamlinger: Stilla er ein åker og Kvit frekvens, stille spor. Pianist og komponist Lars Jakob Rudjord gav nettopp ut sin andre soloplate, til kritikker som ”Varmt og personlig visittkort i det neddempa leiet” og ”Det er bare å senke skuldrene og la stressføelelsen forsvinne” (Terningkast 5 i Fædrelandsvennen).  Kåre Opheim er ein av Noregs fremste trommeslagarar. Han er mellom anna kjent frå RealOnes og bandet til Sigrid Moldestad.  Trioen har samarbeida  i mange samanhengar, og har tidligere presentert Seglems poesi i kombinasjon med eigenkomponert og improvisert musikk på festivalar i Norge, samt i København, Wien og Brüssel, og på Nattjazz og Festspillene i Bergen. Konsertane har vore omtala som strålande vakre, eigenarta og innovative.  Karl Seglem om eigen poesi: "Eg har alltid skrive. Mest poesi. Kanskje for å setta ord på det å jobba med den mest abstrakte kunstform, som musikken jo er. Eg er oppteken av å skapa nye rom i lyttaren. Poesi kan som få andre skriftlege tradisjonar, sjangrar gjera nettopp det. Opna opp til å dikta med, meir enn å "forstå" ved t.d. å analysere. Poesien er for meg veldig der og då, her og no. Det er ei gåve å kunne formidla det, og lykkast i å formidla det. Det handlar om å gå inn i eit litt stille rom og lytta»