Bandsintown Logo
Nov
22
Karl Seglem Acoustic Quartet
Wednesday, November 22nd, 2017
9:00 PM
Karl Seglem - ein av landets fremste saksofonistar og bukkehornblåsarar - og ein institusjon i norsk jazz- og musikkliv kjem 22. november til Sogndal og Blaoboxen. Dette er andre gong Karl står på scena i Blaoboxen med sin akkustiske kvartett. Forrige gong levert han det som vart ein fantastisk minneverdig konsert - so minneverdig at lokalpressa trilla ut seksaren. Den gong hadde han med seg den ferske trippeutgivelsen Jazzbukk Box - ei utgiving som fekk hovudstadspressa til å gå heilt av hengslene av begeistring og utropa den jordnære årdølen til ein musikalsk nasjonalskatt. Også denne gong har Karl med seg eit ferskt produkt i saxekassen - albumet Nordic Balm frå tidlegare i år ber bod om nok ein minnerik konsert frå Karl Seglem Acoustic Quartet. I alle fall om vi skal tru dagsavisa Aftenposten - som har gitt albumet svært gode kritikkar omtala Seglem som ei av dei finaste stemmene i nordisk jazz. Karl Seglem Acoustic Quartet er no klar for ein ny runde med konsertar, og dei held fram med å vere ein av dei fremste eksponentane for det nordiske jazzutrykket. I det musikalske vegkrysset mellom lyrisk folkemusikkinspirert jazz, improviserte linjer, med ein trio av flygel, kontrabass og trommer i ryggen, leverar Karl Seglem kvalitetsvarer på internasjonalt nivå. Gled deg! Karls Seglem Acoustic Quartet består, forutan Karl sjølv på tenorsax, røyst og bukkehorn, av Andreas Ulvo på tangentar, Sigurd Hole på kontrabass og Jonas H Sjøvåg på trommer.