Benedicte Maurseth Tickets - Osafestivalen | Bandsintown
Oct
28
SIGD - ein poetisk konsert, Osafestivalen
Saturday, October 28th, 2017
2:00 PM
Sigd er ei forteljing i dikts form om eit enkelt, men samstundes storslått liv, om ikkje lenger å kunne vere den ein skulle vere og måtte finne meining i livet slik det vart, om ei tid som ikkje finst meir, og om alt som er likt, til alle tider. Om mennesket i naturen og naturen i mennesket, om å lese, lære og leve, om å vere i ro og å reise. Musikken til forteljinga Sigd er ei blanding mellom improvisasjonsmusikk, tradisjonell folkemusikk og nykomponert folkemusikk for hardingfele og vokal. Maurseth lyttar og brukar rytmen og strukturen til teksten og opplesaren, og limer det saman med slåttar og lydlandskap som gjev puls og pust og underbyggjer og kontrasterer forteljinga. Benedicte Maurseth er ein folkemusikar som i mange år har bruka det litterære landskapet som inspirasjon til sitt musikalske arbeid. Ho har spelt til ei rekkje ulike forfattarar og skodespelarar sine opplesingar, og har i tillegg komponert musikk til Jon Fosse sine romanar Andvake og Morgon og Kveld ved Det Norske Teatret og Nationaltheatret. Ruth Lillegraven (f. 1978) kjem frå Granvin i Hardanger og bur no i Lommedalen i Bærum. Ho har gitt ut tre diktsamlingar, ein roman og fleire småbarnsbøker. For diktsamlinga Urd (2013) vann ho Brageprisen og Bokbloggarprisen det året. Benedicte Maurseth hardingfele, vokal | Ruth Lillegraven opplesing