Benedicte Maurseth Tickets - Riksscenen | Bandsintown
Sep
27
PLUKKE STJERNER MED HENDENE, Riksscenen
Wednesday, September 27th, 2017
8:00 PM
Riksscenen gjev Benedicte Maurseth høve som månadens artist til «å plukke stjerner med hendene»! Då ho var i tjueåra, tilrådde den mangeårige læremeisteren hennar, Knut Hamre, henne å lesa dikt-antologien med same tittel, sett saman av skodespelar Hildegun Riise. Antologien med poesi frå ulike delar av verda kom til å bety svært mykje for den store interessa ho seinare fekk for dikting og dramatikk, og har prega hennar eige uttrykk og komposisjonar. Sidan har Maurseth samarbeidd svært mykje i krysninga mellom musikk og litteratur, med blant andre Jacobsen og Riise i «Morgon og kveld» ved Nationaltheatret, med skodespelar Svein Tindberg i framsyninga «Andvake» på Det Norske Teatret, i tillegg til mange andre litterære samarbeid med diktarar som Jon Fosse og Ruth Lillegraven. Musikalsk er det ingen andre nolevande utøvarar som har sett slike spor i Maurseth som spelemennene ho har med denne kvelden, Knut Hamre og Hallvard T. Bjørgum. I tillegg får vi høyre Nils Øklands søkjande, lydlege landskap, saman med Sigbjørn Apeland og Åsne Valland Nordlis opne og frie improviserande uttrykk. Kvar og ein av dei medverkande i konserten denne kvelden har vore avgjerande for hennar eigen tone og kunstnariske val så langt, og kvelden vil innehalde alt frå solo hardingfelespel frå Hardanger og Setesdal, salmar, musikk av Økland og Maurseth, fri improvisert musikk, opplesing om Alida og Asle, og det «store svevet» frå Andvake, japansk og kinesisk poesi, til utdrag frå Maurseths eiga boka Å vera ingenting. Samtalar med spelemannen Knut Hamre. Hildegun Riise – lesing Svein Tindberg – lesing Knut Hamre – hardingfele Hallvard T. Bjørgum – hardingfele Åsne Valland Nordli – song Nils Økland, hardingfele – viola d´amore, fiolin Sigbjørn Apeland – harmonium Benedicte Maurseth – hardingfele