Benedicte Maurseth Tickets - Østre Fredrikstad kirke | Bandsintown
Sep
20
TIDEKVERV, Østre Fredrikstad kirke
Wednesday, September 20th, 2017
7:30 PM
Tidekverv er eit nyskrive folkemusikkverk av Berit Opheim og Benedicte Maurseth, tileigna dei fire viktigaste datoane for solsnu i året; vårjamdøgn, sommarsolkverv, haustjamdøgn og vintersolkverv. Musikken er arrangert ut i samarbeid med musikarane Rolf Lislevand og Håkon Stene, som også medverkar på komande konsertar. Tekstane til verket er også nye, skrive i klassisk balladestil ved Bergsveinn Birgisson og Erlend Nødtvedt. Tidekverv er etter ein idé ved Benedicte Maurseth, og inspirert av Draumkvedet, både som diktform men også nærmast som musikalsk ritual, då den hovudsakeleg vert framført 13. dag jol kvart år. Ynskjet med Tidekverv er såleis å hylla ei eldre diktform med ny folkemusikk og nys krivne balladar, og framføra det i periodane for solsnu. Tidekverv vart uroppført vårjamndøgn 20. mars i Oslo under Oslo Kirkemusikkfestival. Konserten vert framført vidare i komande solsnuperiodar, 21. Juni, 22. september, og siste er 21. desember.